Home

Månedens dikt

Møte

Av Bente Bratlund Mæland

Møtte deg.
Du var trøytt.
Andletet ditt bar spor av gøymt smerte.
Ting du hadde sett inn i.
Mål du ikkje hadde nådd.
Ein dirrande varme fylte meg.
Eg ville strekkja handa fram og røra ved runene i andletet ditt, varsamt.
Vi sto der, nær einannan.
Oppfatta tause, uuttalte signal.
Blikka våre møttest nokre korte, sterke sekund.
Med avstand, innlært, høfleg sende vi ord mot einannan.
Men bak orda, i orda, møttest vi, taust, nake.
Eg gjekk frå deg med ei litt opnare dør – mot livet.